Et siste romanitokt (BT)

Dei er romani, kystens reisande som gav opp det frie livet i båt. Men no har dei gått om bord att og følgt i eigen historie sitt kjølvatn. bt_1 MUSEUMSREISE: Prosjektleiar Grethe Paulsen Vie har fått dei båtreisande i tale om sine tidlegare reiseruter. Ragnar og Reidar Ringdal (t.h.) er blant dei som har stilt opp.   bt_3 Kystens nomadar er tilbake på gamle trakter. Denne gongen til ære for historiebøkene. OVE A. OLDERKJÆR JO STRAUBE (foto) ove.olderkjaer@bt.no Nyleia, Sunnhordland – Den Sabb-motoren skulle eg gjerne hatt. Sigurd Pettersen (69) blir ivrig straks skøyta klappar til kai i Foldrøyhamn på Bømlo. Gamle bilar og båtar dominerer kaiområdet. Her har Sigurd vore før. Som ung båtreisande. Lenge før han blei bufast på Sotra. Her var han innom saman med blant andre bestefaren Aleksander. Legendariske «Sander-en» (1890-1968) tilhøyrte siste generasjon båtreisande romani. Folket som levde størstedelen av livet i båt. bt_6 Dokumenterer Vestlendingar av reisandeslekt er inviterte med på registrering. Mange vil fortelja inn i filmkamera om minne frå kjende stoppestader då dei var reisande. Årets to tokt i Ryfylke og Sunnhordland med veteranskøyta «Kaia» er del av eit dokumentasjonsprosjekt i regi av Haugalandmuseene. Finansiert av ABM-utvikling (statens senter for arkiv,bibliotek og museum), Kontaktrådet for fiskeri- og kystkultur og Norsk kulturråd har museet i Haugesund fått i oppdrag å dokumentera romanifolkets liv og historie langs kysten. – Dette folket er blitt usynlege. På desse registreringane viser dei oss kor mange stader dei var. Dette er ikkje omtalt i faglitteraturen, heller ikkje i bygdebøkene, seier prosjektleiar Grethe Paulsen Vie ved Haugalandmuseene. Vil fortelja Dokumentasjonsprosjektet har som mål å gjera denne minoriteten synleg att. Folk av reisandeslekt trer i aukande grad ut av anonymiteten og vil fortelja om sitt tidlegare liv i fornedring og forfølging – men også i stor fridom. – Mange stod på land og kalla oss for splintapakk og slikt. Men stort sett var folk greie, seier Sigurd Pettersen, oppvaksen som reisande med sju brør og to søstrer. – Det var befriande å koma om bord. På skulen blei me mobba, men i båten hadde me det fint. Me var om bord frå mai til september, seier Gudmund Ringdal (58). Sigurd Pettersen er glad for at livsforma han var ein del av blir dokumentert. – Noregshistoria hadde ikkje blitt fortalt elles, seier han. Så kom tårene – Her låg me ofte med far si skøyte og selde steintøy til fabrikkfolka. Marvin Ringdal (68) er klar i minnet når museumsfølgjet siglar ut frå Rubbestadneset og Wärtsilä-fabrikken – tidlegare Wichmann. – Me selde metall til omsmelting, seier Sigurd Pettersen.   v_grava Foldrøyhamn byr på eit sterkt møte for han, søstera Konstanse Johansen (79) og dei andre i følgjet. Tårene kjem idet Konstanse får leggja ned blomar på grava til farbroren Ole Bertin på den gamle kyrkjegarden som ho ser for første gong. Ole Bertin Pettersen blei skoten av tyske marinefolk 11. september 1942 under ein rassia i Rubbestadneset. – Eg hugsar Ole som ein snill og skikkeleg onkel. Aldri var han borti noko med lensmannen, seier Konstanse, som i dag bur på Osterøy. Ho hugsar livet som båtreisande fram til ho var tolv. Deretter blei ho sendt frå barneheim til barneheim, og ein gard i Østfold som ho til sist rømde frå grunna eit vertskap som baud på juling, lite mat og lite varme. Kniv i aue – Eg har rømt frå så mange barneheimar at det kunne blitt ei heil bok av det, fortel Sigurd Pettersen. – Og då rømde eg som regel til bestefar. Eg var med han når han handla med gamle robåtar, me skaut ærfugl og monterte takrenner kringom. – Eg reiste òg på båt med far min. Me handla med slikt som billegbutikkane sel i dag, seier Sigurd og ser på oss med høgre auget. Det venstre øydela han i femårsalderen med kniv då han skulle kutta eit tau som var vikla rundt føtene til ein bror. «Kaia» siglar vidare i Nyleia. På Fitjarsida av Stokksundet peikar Sigurd Pettersen ut ein ankringsplass og eit våningshus i Vinsjevik. Historisk ein populær samlingsstad for fl eire reisande familiar, gjerne mange på ein gong. I Brandasund blir det gjensyn med handelsmann Bjarne Waage. No er det han på land som har noko å selja. Sigurd og dei andre i følgjet kjøper kvar sin skinnhatt i butikken på Skjeret. Motorhandel i Foldrøyhamn blei det derimot ikkje for Sigurd Pettersen i denne omgang. Han får ein ny sjanse når han skal ned att til Bømlo for å pussa opp gravsteinen til onkel Ole Bertin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Time limit is exhausted. Please reload CAPTCHA.